24 May 2005:
Bilete frå Mari
 Mari har sendt inn eit bilete frå "eg-kan-ikkje-spele-konserten" til webredaksjonen. På bilete ser ein Ronny, Stian og Torstein spele, og om vi brukar fantasien kan vi sjå føre oss at Anne sit og spelar gitar bak Ronny.
Har du gode bilete frå russetida? Kom med dei!
- 0 kommentarar
|
23 May 2005:
Russen blir eksponert i pressa
Foto: Ivar Longvastøl - Firda
"FØRDE: - Dette var ei spesiell oppleving, hutra hovudtalar Ingrid Heggø på Førde stadion. Leiar i 17. mai-komiteen, Erik Torp Nilssen, heldt paraplyen. Bak på podiet sat ordførar Nils Gjerland." Firda har imidlertid gløymd å nemne innkjøpssjef i mojorussen, Ingve Eikeland til venstre for podiet.
- 0 kommentarar
|
18 May 2005:
Fleire bilete frå 15. og 16. Mai!
Marte har lagt ut mykje artige bilete frå helga! Sjekk dei ut.
Westernfest 15. mai 16. Mai
- 0 kommentarar
|
17 May 2005:
- Testing, testing wånn tu triiii...
 ... sa Torstein med heliumstemme på Førde Stadion i dag. Russetida er over, og dette vart sterkt markert med ville russ i 17-maitoget, og ei rekkje taler frå russepresidentane på dei forskjellige skulane. Torstein heldt ei kort tale, der han i hovudsak fokuserte på samhald og gledelege augneblunk.
les meir - 0 kommentarar
|
17 May 2005:
Bilete frå 17. Mai!
17. Mai var ein dag med spennande verforhold og mykje russ. Her får du servert bileta frå den ville hendinga!
Biletegalleri 01
- 0 kommentarar
|
17 May 2005:
16. Mai - Siste natta
Bileta er foreløpig ikkje mange, men dei fins, og dei er fine. Sjå Frøydis som same og mykje anna spennande her på mojorussen sine heimesider!!
Biletegalleri 01
- 0 kommentarar
|
16 May 2005:
Mojotale på 17. Mai
Under folkefesten på Førde Stadion 17. Mai, får vi servert ei herleg tale frå Mo og Jølster avdeling vassenden sin russepresident. Vi gler oss stort, gjer vi ikkje? Kva vil DU at Torstein skal nemne i talen? Skriv ein kommentar her!
- 0 kommentarar
|
16 May 2005:
Westernfest på Smuget
 Vorspiel hjå Silje, og Westernparty på Smuget. Torstein krølla håret, og såg plutsleg ut som Ørjan. Det og meir kan du kike på i biletegalleriet!
Biletegalleri
- 0 kommentarar
|
14 May 2005:
Bilete frå Sandane
 Mojorussen inntok Sandane fredag den 13. Bilete får du servert her, på eit vent lite sølvfat!
Biletegalleri 01
- 0 kommentarar
|
14 May 2005:
"Hald konsert i 15 minutt på eit instrument du ikkje kan traktere"
(f.v.) Ronny, Stian, Torstein og Anne tok laurdag russeknuta der ein skal halde konsert utanfor et av kjøpesentra i 15 minutt på instrument ein ikkje kan å spele. Det gjekk over all forventing. - Det er jo faktisk pengar i hatten, ropte Torstein overraska...
les meir - 0 kommentarar
|
13 May 2005:
Bør russefeiringa avskaffast?
Det spurte NRK sjåarane sine tysdag. 85% svarte ja.
- 0 kommentarar
|
11 May 2005:
HUSK Å GJERE DEG KLAR TIL HELGA!!
I helga skal mojorussen 05 si russetid avsluttast verdig, og det trengs nok store mengdar alkohol for å halde det gåande frå fredag til tysdag. I den annledning vil webredaksjonen minne om at polet er stengt fra laurdag til tysdag og at du difor må ordne drikkevarer seinast fredag!!
Frå vinmonopolet.no: "Vi minner om at alle våre butikker er stengt fra og med lørdag 14. til og med tirsdag 17. mai. Lørdag 14. mai er det pinseaften. Mandag 16. mai er det 1. pinsedag og den påfølgende tirsdagen er det 17. mai. "
- 0 kommentarar
|
11 May 2005:
Definisjonen på ein alkis
Du kan frå og med i dag finne månadens Spirit på skulen, og i spalta "Spør spirit om rus" kan vi lese at "I følge Verdens helseorganisasjon vil kvinner som drikker tre flasker vin (= ca. 18 enheter alkohol og menn som drikker fem flasker vin (= ca. 30 enheter alkohol) eller mer i uken, ha et alkoholproblem. En alkoholenhet er ca. 3,5 dl øl/1,2 dl vin/0,4 dl brennevin. Hvorvidt man har et alkoholproblem eller ikke, vurderes ikke kun ut i fra hvor mye man drikker...."
les meir - 0 kommentarar
|
10 May 2005:
Sandane fredag
Utestaden Onkel Willy er open, ca 50-70 for inngang. Mykje russ, mykje liv.
- 0 kommentarar
|
09 May 2005:
17-Mai programmet er her!
Det søte lille heftet med bilete av små ungar, 93% reklame, nokre songar og programmet for 17. Mai i Førde er her! Når går toget? Når skal Torstein tale? Her får du svar på alt!
les meir - 0 kommentarar
|
08 May 2005:
Det herjar pest hjå mojorussen
Storparten av mojorussen har den siste tida vore plaga av hoste og andre element av sjukdom. Enkelte er tilogmed lagt inn på sjukehus. No slår webredaksjonen alarm!
les meir - 0 kommentarar
|
08 May 2005:
Bilete frå 18. April!
Første mandagen som russ fann noken av oss ut at vi ville impulsdrikke litt. Og når Mari fikk disponere russebilen "Kåre Jåhnni" var ikkje vegen lang til Naustdal, og tilbake att til Marita.
Bilete av eventen
- 0 kommentarar
|
07 May 2005:
Hafstadrussen sine bilete frå russesleppet
Hafstadrussen har lagt ut bilete frå russesleppet på Svidalsneset. Her er mykje morosamt.
bileta frå russesleppet
- 0 kommentarar
|
03 May 2005:
Russekro i Florø...
... men oppslutninga frå Mo og Jølster avd. Vassenden ser ut til å verte liten. Anne Leknes "Russeprest" Gryte seier i ein kommentar; - Florø?? Nei, medan Torstein "El presidente" Våge svarar "faen skal eg i florø å gjere?" på spørsmål om han skal på vitjing til kystbyen i kveld.
- 0 kommentarar
|
02 May 2005:
Mykje russ, lite kluss
Russen over heile fylket har oppført seg eksemplarisk natt til 1.mai. Ikkje i ei einaste av dei sakene politiet har fått melding om i helga har russ vore involvert.
Les meir hjå Firda
- 0 kommentarar
|
02 May 2005:
Natt til 01. Mai - Fyll og kjærleik
 Det låg fyll og kjærleik i lufta, natt til første mai i Førde. I biletearkivet kan du sjå Rune i heftig omgang med gk-Frode, og Ingve, kabbeklar med plasthanske på bakken. Kontrastane er store, og vi likar det!

Biletearkiv frå 30. april
- 0 kommentarar
|
29 Apr 2005:
natt til 1. mai
Natt til 1. mai slapp ikkje unna regnværet, men stemninga ute var god, og bilete kjem etterkvart. :)
- 0 kommentarar
|
28 Apr 2005:
Russekro uten kjendisparty
Jaa9 og OnklP tar ikkje med seg resten av Dirty Oppland og skapar kaos og galskap på Smuget i Førde 5. Mai.... Kollektivet har avlyst og kjem ikkje likevel... men russekro blir.... esj Russekro, 18 år. Hurra!
- 0 kommentarar
|
27 Apr 2005:
Prevansjonsveiledaren delar ut prevansjon
Mari har starta sitt arbeid som prevansjonsveiledar, og delar ut kondomar til russen. - Eg må sjølvsagt motta ein god søknad, som omtalar føremålet for bruk av prevansjonen, seier ho i ein kommentar til russenettstaden.
les meir - 0 kommentarar
|
27 Apr 2005:
Billig russepizza på Dolly!
Gledelege nyhende for svoltne russ! På Dolly Dimples i Førde får du som russ ein stor pizza til kroner 125,- Og kva er vel ikkje betre en ein nysteikt Dolly-pizza på ein solfylt dag, eller etter ein vill fest i Mai?
Dolly.no
- 0 kommentarar
|
27 Apr 2005:
Fotografering fredag
Det har ikkje vore for lett å få til fotografering av mojorussen, men på fredag prøver vi nok ein gong å få det til, og denne gongen bør det gå bra!
- 0 kommentarar
|
25 Apr 2005:
Fleire bilete frå Breim!
Marte sine bilete frå Breim er ute på verdsveven! Her er mykje bra altså!
Marte's bildearkiv
- 0 kommentarar
|
24 Apr 2005:
Alvor og ablegøyer på russetreff
-Å vere russ skal vere mest moro, men også alvor, så det er fint at vi får slik lærdom og informasjon som dette. Det får oss til å tenkje.
Les meir på firda.no
- 0 kommentarar
|
24 Apr 2005:
Første russeveke overstått
Den første veka som Mojorussen er overstått. Og for ei veke. Både slepp, stor stas på Breim, russeknutegjennomføringar og mykje terror har gjort dette til ein innholdsrik start. Vel innholdsrik for nokre av oss. Biletet til høgre viser medisinen Ingve går på etter berre 8 dagar som russ. Korleis vil det gå føre seg midt i Mai?
Vi ønskjer Ingve lukke til vidare med russefeiringa, og ønskjer at han tek det rolegare framover.
- 0 kommentarar
|
23 Apr 2005:
Breim - Dritbra!
 Ikkje ei sky på himmelen, over 1000 russ, god stemning. Breim var perfekt. Så kom Johndoe på scena, og det vart ubeskriveleg!
Bilete frå fylkestreffet på Breim
- 0 kommentarar
|
21 Apr 2005:
Fylkestreffet på Breim - litt informasjon
Mo og Jølster har eigen buss. Den går frå Firda Billag 13:30, og køyrer innom både Mo og Jølster på vegen oppover. Det vil seie at elevane på Jølster kan vente seg at bussen dukkar opp sånn omkring 13:50.
Denne tek oss til Breim, og så tek den oss tilbake kring 02:30. Vi gler oss!
- 0 kommentarar
|
20 Apr 2005:
Mojorussen har vakna
 Det er mykje liv og moro på Mo og Jølster vgs avdeling Vassenden for tida. Veret er nydeleg, russen er nydeleg, og Sølvi frå GK er på biletet bunde fast til flaggstanga. Ho tok det heldigvis med et smil. Vi er glad i folk som tar ting med et smil, så Sølvi får godteri frå oss!
- 0 kommentarar
|
18 Apr 2005:
Fleire bilete frå russesleppet!
Hipp hurra! Marte har endeleg lagt ut sine ville bilete frå russesleppet frå Fredag. Sjølv hadde ho ein kjempeartig kveld, men ho er usikker på kva som var det kjekkaste. Marte rakk riktignok ikkje bussen med ein gong, og kom seg difor ikkje opp på neset før i halv sju tida. Det gjer ingenting seier ho sjølv.
Marte's bilder
- 0 kommentarar
|
17 Apr 2005:
Ein liten politinotis
For å avslutte helga skikkeleg tek vi med omtalen av fredagens russeslepp i media:
" JØLSTER: Ved 19-tida fredag kveld fekk politiet inn melding om at det vart spelt høg musikk på Svidalsneset. Firda kjenner til at russ samla seg på staden tidlegare på kvelden. Men då politiet køyrde innom seinare var det heilt roleg der, og russen var vekk." Firda.no
- 0 kommentarar
|
17 Apr 2005:
Kjendisparty på Smuget
Jaa9 og OnklP tek med seg resten av Dirty Oppland og skapar kaos og galskap på Smuget i Førde 5. Mai. Russekro, 18 år. Hurra!
- 0 kommentarar
|
16 Apr 2005:
Festleg start!
Hipp hurra! Mojorussen vart døypte i går, på eit festleg russeslepp saman med Hafstadrussen på Svidalsøyra. Det går rykter om at veret var strålande, dog kaldt, og at stemninga var på topp! Vi har sjølvsagt bilete frå festlegheitane, og du kan sjølvsagt sjå dei her på vevsida til mojorussen!
Bilete frå russesleppet
- 0 kommentarar
|
15 Apr 2005:
Vi er klare!
 Det er tid for russefeiring. Vi er klare as eggs! Hipp hipp!
- 0 kommentarar
|
15 Apr 2005:
Da vert vel Svidalsneset vert det ikkje?
Været i dag har vore strålande. Vi kryssar fingrane for at fredagsveiret vert like flunkande flott, og går hardt inn for eit skikkeleg slepp på Svidalsneset i Jølst! Meir info følgjer!
les meir - 0 kommentarar
|
14 Apr 2005:
Kva skjer med russedåpen og russesleppet?
Det er dårleg vær for tida. Frykteleg dårleg vær faktisk. Kan det verte for kaldt å hengje på Svidalsneset fredag kveld? Vi spør, du kan få svare om du vil. Ingve har brakt vidare nokre rykte om at samfunnshuset i Naustdal (Fosshalla) vert vurdert som alternaltiv åstad for det o'så store russesleppet om været vert for dårleg. Hvis uhellet skulle vere skikkeleg ille ute inviterer Ingve samtlege russ i Førde heim på hybelen sin til øl, idol og pizza.
Vi kjem sterkt, STERKT tilbake med meir... Trur eg...
- 0 kommentarar
|
13 Apr 2005:
Russekorta er komne!
Russekorta har ankomt skulen! Russen er kjempeglad, og ser fram til å dele dei ut til små ungar med stort samlebehov!
Dette skal bli morosamt folkens!
Vi skal prøve å få lagt korta ut her på verdsveven etterkvart!
- 0 kommentarar
|
12 Apr 2005:
Har du forslag til russeknuter?
Stian og Ørjan er godt i gang, og nesten ferdig med utarbeiding av russeknutene for mojorussen 05. Dei let imidlertid meg og deg og alle andre få ein sjanse til å foreslå knuter! Har du ei god knute på lur? Skriv den i så fall inn som kommentar til denne nyheten!
- 0 kommentarar
|
06 Apr 2005:
Some words from el presidente
Eg vanka opp skrikande frå eit mareritt ei natt i april. Kald og svett, sette eg meg opp og innsåg at denne draumen hadde ikkje teke plass, enno i vertfall. I draumen var datoen 18 mai, eg og eg befann meg på skulen, som om det skulle være ein vanleg onsdag. I rommet var eg ikkje ensam, ikkje i det heiletatt. Heile klassen min, heile siste teikne klassen, heile saum klassen, rett og slett all russen i området Førde og kanskje fleire også. Vi satt på skulen og venta på ein matte lærar...
les meir - 14 kommentarar
|
06 Apr 2005:
Fylkestreff på Breim!
 Trykk på for større (pdf)
- 100 kommentarar
|
06 Apr 2005:
Russesida på nett!
Hurra! Her kan du framover lese mykje spennande, og sjå bilete som gjerne i mykje større grad pirrar di interesse.
les meir - 0 kommentarar
|